Informasjon er hardt, får vi studentar erfare. Særleg vi som på eit eller anna merkelig vis har forvilla oss inn Hedmarken for å studere i større eller mindre grad. Det har seg nemleg slik på Hedmark: Her finn du ut ting sjølv! Og det er ikkje kva som helst ein må finne ut sjølv – det er fortrinnsvis reint praktiske ting. Klasserom, avlyste førelesningar og liknande er heilt daglegdags, og rettane dine? Dei må du passe på sjølv! I tilfelle du måtte slumpe borti å få vite at du faktisk har nokre, altså.
For plutseleg kjem det tilfeldigvis opp på eit parlamentsmøte at samfunna, som har fått beskjed om å søke driftsstøtte til StorHk, likevel skal søke frå HH. Og det etter at styremedlemmer frå samfunna har spurt litt. ”Ja vel,” tenkte samfunnet i Hamar. ”Vi vel å innfinne oss i dette, og sender berre same søknaden til HH i staden for. Like greitt.” Trudde vi.
Søknaden blei levert i administrasjonen på Campus Hamar 01.04.2009, med eit ekstra brev som poengterte at dersom noko var uklart, ta kontakt. I tillegg måtte vi be om at sakshandsaminga kanskje kunne bli prioritert litt, då samfunnet hadde eit solid behov for midlar for å overleve april og mai likviditetsmessig, med store arrangement under UKA som måtte finansierast. Det var og med telefonnummer og e-post til ansvarleg styremedlem i samfunnet, slik at det skulle vere enkelt å ta kontakt. Det viser seg likevel at det meste er tilfeldig. I midten av mai, i forbindelse med det som skulle vore semesterets siste parlamentsmøte, får underteikna greie på at saka med denne søknaden absolutt ikkje er i orden. Rekneskapet er godkjent av SiH slik normal praksis er, men det ingen har klart å fortelje samfunnet, er at rekneskapet og skal leverast inn, i tillegg til skriftleg godkjenning av rekneskapet. Det kjem fram som tilfeldig informasjon i ei sidesetning i ein e-post.
Det er heilt fantastisk godt gjort å ikkje klare å ta kontakt. Med så solid informasjon om kven ein skal kontakte frå samfunnet si side, kan det umogleg vere så vanskeleg å sende ein e-post eller ta ein telefon og fortelje at ingen pengar vert utbetalt før dette er i orden? Rekneskapet er jo eit ganske så offentleg dokument, og blei lagt fram for generalforsamlinga i samfunnet 24.mars. Det er ingen hemmelegheiter knytt til rekneskapet, og vi deler det gjerne med både HH og dei fleste andre som måtte ha interesse av det.
Denne saka har snart tatt to månader. Samfunnet i Hamar lev i midten av mai i driftsstøtteåret på kredittviljen til våre leverandørar, samt styremedlemmene sin privatøkonomi og viljen deira til å legge ut pengar for å ha eit godt studentmiljø i Hamar. Det er ikkje lenge før vi ikkje giddar lenger. Det er ikkje kjekt å drive studentaktivitetar for eiga rekning og på ubestemt tid! Er det veldig vanskeleg for HH å forstå at dette er konsekvensen? Og kva skal til for å senke terskelen det tydelegvis er å sende ein e-post til eit styremedlem i studentsamfunna frå den høge stol i høgskuleadministrasjonen?
torsdag 14. mai 2009
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
1 kommentar:
Det er virkelig helt utrolig. Greit nok, det har ALLTID tatt lang tid for samfunnene å få penger fra HH etter jul. Men ærlig, nå er vi halvveis i mai. Det er sommerferie snart, ftw! (for min del er det jo faktisk egentlig sommerferie...) Men det er klart, å sende en mail eller ta opp en telefon er jo litt skummelt, da. Kanskje samfunnene biter?
Legg inn en kommentar